Skip to Content
Artikkel

Reduser straumutgiftene

Tor Veslegard
16.mars 2024

Eit døme på korleis reiselivsbransjen kan redusere straumutgiftene sine

Innlegget er basert på eit intervju som Hallingdølen gjorde med oss på Storefjell, då dei foretok eit bytte til Hallingdal Flisterminal som leverandør av flis til fyringsvirke.

«Heilt fantastisk», seier Lars Nibstad på Storefjell. 

 

Frå intervjuet i Hallingdølen: 

Basseng, konserthall, resepsjon, festsal og varmtvatn blir fyra opp av ein stor kjele med vatn som held 90 grader og sirkulerer rundt i anlegget som før vart varma opp med olje og el-kjele.

– Det viktigaste er jo å styre unna bruken av olje, seier Nibstad, før han kjem med konkrete tal:

– Om me legg til grunn at straumprisen er to kroner, hadde det kosta 400.000 i månaden å fyre elektrisk. Ved hjelp av flisfyringsanlegget, kostar det 100.000.

Korleis kan Hallingdal Flisterminal omstille din bedrift med bærekraftig energi?

I desember 2023 fekk vi høve til å demonstrere hovudproduktet vårt; høgkvalitets biobrennstoff på Storefjell Høgfjellshotell. Overgangen fra elektrisk fyring til fornybar energi med flisfyringsanlegg har spart hotellet for sekssifra beløp i fyringsutgifter per månad.

Dette har ført til betydelege økonomiske besparingar for hotellet. I tillegg markerer det eit skifte mot meir miljøvennlige energiløysingar. Det er rett og slett ei suksesshistorie til etterfølging og inspirasjon for andre reiselivsbedrifter.

Med bakgrunn i ein aukande etterspurnad etter kvalitetsbrensel, har Hallingdal Flisterminal begynt å markere seg som ein nøkkelbedrift i regionen. Det handlar no om å identifisere utfordringane, skaffe tilstrekkeleg med kvalitetsflis og bidra til å løyse behovet ute hos kundane.

For dei bedriftene i Hallingdal som allereie har ei løysing for flisfyring, handlar det om å redusere transportkostnadane betydeleg. For dei som ikkje har ei løysing for fyringsanlegg, har vi òg eit mobilt anlegg som vi leiger ut ved behov, slik som Veidekke gjorde då dei bygde Wopas sin nye fabrikk i Kleivi.

Positive effektar på 2.000.000 kWh årleg

Storefjell Høgfjellshotell har allereie sett dei positive effektane av å bytte til flisfyring. Med eit anlegg som produserer rundt to millionar kilowattimar årleg, har hotellet redusert sine månadlege energikostnader med om lag 300.000 kroner om vinteren. Dette er ei betydeleg økonomisk sparing som òg bidreg til å redusere avhengigheita av fossile brennstoff og elektrisitet.

Hallingdal Flisterminal sitt samarbeid med Storefjell Høgfjellshotell er eit godt eksempel på korleis lokale løysingar kan føre til store endringar. Ved å støtte opp om lokale bedrifter som Hallingdal Flisterminal, kan andre bedrifter ikkje berre oppnå økonomiske fordelar, men også bidra til ein meir bærekraftig og miljøvennleg framtid.

For bedrifter som vurderer å gjere ein overgang til bioenergi, ynskjer vi i Hallingdal Flisterminal å vise at vi har ekspertise og ressursar til å støtte slike initiativ.

Ta kontakt for ein uforpliktande flisprat!

Hallingdal Flisterminal er klare til å vera ein drivkraft for grøn energi i Hallingdalsregionen. Vi har planar om å utvide produksjonen med større volum og enda meir effektive produksjonslinjer. Ser di bedrift etter måtar å redusere energikostnadane på, samstundes som de bidreg til miljøet, kan Hallingdal Flisterminal tilby løysingar som møter dine behov. Vi er alle interessert i å jobbe for ein meir bærekraftig og økonomisk fordelaktig framtid.

Ta kontakt.

 

Artikkelen er basert på eit intervju som Hallingdølen gjorde med oss på Storefjell, då dei bytte til Hallingdal Flisterminal som leverandør av flis til fyringsvirke. Alle foto frå Storefjell: Ragnar Hilde /Hallingdølen, med rettigheter til å bruke.

Tor Veslegard
Daglig leiar Hallingdal Flisterminal AS.

Følg oss i sosiale mediar