Skip to Content
  1. Home
  2. Flisespikkeriet
  3. Varmer opp med flis frå lokal skog
Artikkel

Varmer opp med flis frå lokal skog

Tor Veslegard
22.jan. 2024

Veidekke bygger nytt for Wopas og vi leverer energi til oppvarming

Innlegget er henta frå Hallingplast.

Tekst: Anders Hauge /Hallingplast.
Alle foto: Anders Medhus /Hallingcast.

Her prøver Veidekke ut ein alternativ type oppvarming av byggeplass, på eit nybygg hos Hallingplast AS. Ein mobil fyrkjele på 800kW varmar opp 40 000 kubikkmeter nybygg med varmluft som resirkulerast for størst mogleg effektivitet. Energien er fossilfri og kortreist, med flis frå lokal skog. – Veldig spennande. Dette trur vi har ei god framtid som byggeplassoppvarming, seier prosjektleiar Stein Inge Teigen i Veidekke Bygg.

I Kleivi næringspark i Ål i Hallingdal bygger rørprodusenten Hallingplast eit nytt fabrikklokale på omtrent 4 000 kvadratmeter. Inntil sørveggen på nybygget står ein tilsynelatande vanleg 20 fots container. Den er i realiteten noko av det mest innovative og nyskapande innan miljøvennleg og mobil byggvarme i Noreg no.

Biovarme til byggeplass

Containeren er hjartet i eit heilt nytt mobilt biovarmesystem som leverer luftboren varme til byggeplassen, med lokalt produsert flis som varmekjelde. Systemet får ein ekstra høg virkningsgrad ved å resirkulere den oppvarma lufta, sånn at varmen kan brukast på nytt.

– Det er klimavennleg og fossilfritt. Det er kompakt og enkelt, og leverer stor kapasitet. Og brenselet er nedfallsskog og restskog som elles ville blitt vraka. Det er veldig spennande å vere med på første utprøving av dette saman produsent og byggherre, seier Stein Inge Teigen.

Han er prosjektleiar i Veidekke Bygg, og leiar byggeprosjektet med ny fabrikk og utviding av kontorbygget hos Hallingplast AS.

Tradisjonelt har varme i byggefase blitt produsert med kokoverk, byggvarmarar som går på diesel. Fossil olje i byggvarme er forbode frå og med 2022, og ein må finne nye og meir miljøvennlege løysingar til oppvarming av byggeplass.

– Sidan vi ikkje har tilgang på fjernvarme her i byggefase kunne vi køyrt kokoverk på HVO miljødiesel. Men den er veldig dyr, og bransjen treng utvikling og nye løysingar med låg miljøbelastning. Då vi leverte inn tilbod i denne konkurransen sa vi at vi frå dag éin skulle jobbe mest mogleg fossilfritt, mest mogleg utsleppsfritt og søkje å redusere klimautslepp på det vi leverer i prosjektet. Søken etter miljøvennlege alternativ har vore ein raud tråd gjennom heile prosjektet, seier Teigen.

Erstatter kokoverk og varmepumpe

Eit anna alternativ til utsleppsfri byggvarme er elektrisk varme gjennom varmepumper. Men dei taper virkningsgrad i kaldt vêr, og dermed mistar ein effekt når ein treng den som mest. Han opplyser at varmeanlegget i Hallingdal har vekt stor interesse internt i Veidekke, og at det vil bli følgt nøye med tanke på mogleg bruk på andre byggeprosjekt seinare.

Kokoverk med tilnærma same kapasitet som det nye flisfyringsanlegget ville brukt rundt 1 000 liter HVO miljødiesel pr døgn, opplyser Teigen.

I avtalen med leverandøren av varmeanlegget ligg det både forutsigbare prisar på flis til brensel, samt prosjektering, montering og leige av hensiktsmessig kanalnett til bygget inntil det er fullført.

Lokal og nystarta

Varmesystemet er levert av Hallingdal Flisterminal AS, og er no i ferd med å takast i bruk for å levere varme til den innvendige byggeplassen.

Systemet består av tre hovudkomponentar:

  1. Fyrkjele som kan leverer 800kW når den går for fullt.
  2. Flisbinge og automatisk matesystem.
  3. Vifte som bles oppvarma luft inn i bygget, og samtidig trekk luft frå bygget inn til ny oppvarming.

 

Flisbinge og automatisk matesystem

Varmen distribuerast i bygget gjennom 600mm varmluftskanalar i eit nett prosjektert spesielt for bygget.

– Vifta leverer 35 000 kubikkmeter luft pr time inn til bygget. Den brukte lufta hentast tilbake til ny oppvarming. Dermed brukast det vesentleg mindre energi på oppvarming enn om det skulle blitt tilført uteluft i 20 kuldegrader, seier dagleg leiar og deleigar Tor Veslegard i Hallingdal Flisterminal AS.

Selskapet starta opp i fjor sommar, i utgangspunktet for å produsere flis som biobrensel med eit lågast mogleg miljøfotavtrykk. Selskapet produserer flis tørka av sol og vind, utan mekanisk tørking. Ein forsiktig sondering og førespurnad frå Veidekke utløyste ideen til anlegget som no setjast i drift på byggeplassen hos Hallingplast.
Resirkulerer oppvarma luft

– Eg er veldig glad for at Hallingplast og Veidekke har tru på at vi kan levere dette. Uten det hadde kanskje ikkje dette blitt noko av. Då vi fekk den første førespurnaden skjønte vi fort at vi måtte ha noko som resirkulerer lufta. Vi har hatt nokre månader med utvikling og bygging av anlegget, og første prøvekøyringar viser at det gjer akkurat det vi har tenkt. No har vi dette hos Hallingplast fram til sommaren. Deretter vil vi gå ut i marknaden med det, seier Veslegard.

Varmeanlegget brukar flis som energikjelde. Hallingdal Flisterminal AS produserer òg flis til andre forbrukarar. Til seinare bruk andre ser ein òg på moglegheiter til å kverne kapp og anna treverk, for å kunne produsere varme med minst mogleg miljøbelastning gjennom transport.

Glad for lokal handel

Byggherre Hallingplast AS er godt nøgd både med den innovative varmeløysinga og med at entreprenør Veidekke handlar lokalt.

– Eit nytt og miljøvennleg alternativ for byggoppvarming. Dette er veldig i tråd med både det Hallingplast står for og det som skal produserast på den nye fabrikken, seier Vemund Gudbrandsgard i Hallingplast AS.

Han er selskapets avdelingsleiar for bygg og eigedom, og byggherrens representant i prosjektet med nybygget som får ein viktig rolle i Hallingplasts sterkare satsing på sirkulærøkonomi. Den skal huse både dagens produksjon av plastbelagte trestolpar gjennom dotterselskapet Wopas AS og ein utvida produksjon av rør med resirkulert plast i Hallingplast AS.

– Redusert miljøfotavtrykk er klart det største fortrinnet med denne løysinga. Vi synest òg det er veldig spennande at Veidekke har valt å kjøpe denne løysinga. Det er ein god måte å bruke ein nystarta lokal aktør på, seier han.

Gudbrandsgard understrekar at det er Veidekke sjølv som har valt både leverandør og løysing til oppvarming, og at Hallingplast applauderer initiativet.

Den nye fabrikken skal stå klar til bruk i juni 2024.

Tor Veslegard
Daglig leiar Hallingdal Flisterminal AS.

Følg oss i sosiale mediar